page view image

Open Gard med Julemarknad

Me er klar for årets viktigaste tradisjon! Det vert nisseshow, hest med dombjeller, finvogna kjem ut, og ikkje minst mykje nydeleg handverk for sal rundt omkring på tunet. Kafeen er open med nydeleg bakst, og hesten, grisen, sauen, høna, anda, katten og kalkunen er klar for å helse på alle besøkande. Velkommen til Gards!

Information
event image

Velkommen på open gard med julemarknad!


Me har grisar, hestar, sau, høner, kalkun, ender, og kattane våre.

Det vert 4 forestillingar med Nisseshow i gammen, billettar bestillast i samanheng med inngongsbillett.

Det vert køyring med hest og vogn kl. 10-13, her er det køsystem og ingen billett krevs i forkant.

Det vert køyring med finvogna kl. 11-12:30, billettar bestillast i samanheng med inngongsbillett.

Kafeen er open med fersk bakst, vaffel, pølse, brus, juice, etc. I tillegg vil det være mogeleg å handle noko av gardsbutikken sine varer; som honning, spekepølse, egg, krydder og mykke meir!

Lionsclub er som alltid med og serverer julegraut ved gammen.


Tunet vert fyllt med handverkarar som sel varene sine, her kan ein finne meiningsfulle og bærekraftige julegåver til dei du er glad i.


Hest og vogn betalast med vipps.
Kafeen/gardsbutikken tek kort eller kontant.
Velkommen til gards!

barn marked dyr gård julemarked nisseshow kafe

Restriktioner

For å nytte seg av billett på Nisseshow og Tur med finvogna må ein ha gyldig inngongsbillett,

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billetter refunderes ikkje.