Open Gard med Julemarknad
Det er klart for vår koseligste tradisjon! Nissane er klare for sprell i gammen, det vert koseleg handel hjå ulike handtverkarar med flotte julegåver, og ikkje minst hest og vogn med bjeller.
På grunn av begrensa parkering vert det bilettsal i forkant både på inngong og nisseshow!

Dette er 4. gongen me arrangerer Julemarknad på garden og det er alltid like koselig. Som vanleg har me alle dyra våre som, hest, sau, gris, høner, ender, gås, kalkun og fjøskattane.
Det vert open gardsbutikk med nydeleg bakst av økologiske råvarer og mange fine julegåver, både etelige og meir varige frå Bondekunstnaren. I tillegg til dette vert det utstillarar rundt om kring på garden med fine julegåver. Me forsøker kvart år å ha god variasjon på utstillarar og ynskjer at dei stiller med godt og bærekraftig handverk.
Hest og vogn med bjeller går frå kl. 10-14. Her stiller de dykk i kø og kjøper billett på staden (35 kr per person).
Ynskjer du å kjøre med finvogna kjøper du billettar her i ticketco i forkant. Denne vogna har plass til to vaksne eller ein vaksen og to born.
Nisseshowet i gammen er ein storfavoritt blandt dei små og her gjeld det å sikre seg billettar med ein gong då dei går fort unna.
Velkommen til gards!
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje.