page view image

Open Gard med Julemarknad

For tredje året på rad arrangerer me på Soltun Besøksgard julemarknad. I fjor var det 1000 besøkande så i år vert me nødt til å begrensa antallet med påmelding og billettar, så her gjeld det å vere om seg om de vil sikra dykk bilettar til årets arrangement på garden!

Information
event image

Årets største arrangement på garden!
Dette er tredje gongen me arrangerer open gard med julemarknad og me gler oss veldig til å ta dykk imot på eit julepynta tun med nisseshow, mange flotte handtverkarar og dombjelleklang frå hestane som går med vogna.

Det vert nisseshow i gammen gjennom dagen og de finn bilettar på ticketco.

Me køyrer storvogna store delar av dagen, og den er det køsystem på som vanleg. Det vert og mogeleg å booka tur med finvogna for 2 vaksne eller 1 vaksne og to born. Føl med veka før når me lanserer bookinga og tidsplan for hest og vogn.

Kafeen og gardsbutikken er sjølvsagt open med bakst og fine lokalproduserte julegåver.

Standhaldarane våre vert plukka ut basert på godt handverk og tradisjonsmat med bredde og variasjon slik at du kan komma på garden å handle bærekraftige og lokale julegåver til heile familien.

Waiver

Kjøpte billetter refunderes ikkje.